Konservativ klokskap

Uansett kva ein elles måtte meine om Høgre, så er partiet til å lite på. Løysingane deira er kanskje ikkje alltid dei klokaste, men dei er flinke til å forsvare dei. Og, dei toler ein trøkk. Meiner dei noko, så held dei fram med å meine det, uansett kva slags kritikk dei måtte få. Eg veit at tilnærminga mi er selektiv og kortsynt, og at eg om nokre dagar sannsynlegvis kjem til å skrive eit innlegg om at Høgre er for stae og lite audmjuke når dei møter motførestellingar, men nett ikveld passar denne innfallsvinkelen utmerka.

Høgre-leiar Erna Solberg har nemleg synt at ho er i stand til å vurdere borgarlege kollegaer etter same målestokk som ho vurderer regjeringa. Difor deler ho ut fortent kritikk til Framstegspartiet fordi deira Israel-politikk ligg hinsides den av Høgre så elska utanrikspolitiske konsensusen. "Det vil være feil å ha en utenrikspolitikk som preges av yt[t]erpunkter, og ikke av det store flertallet", refsar Erna. Og har rett.

Grunnen til at eg utan atterhald kan stille meg bak Høgre-leiaren er at ho sjølv har bidradd til å trekkje denne konsensusen nokre steg til venstre dei siste dagane. Kåre Willoch unnateke, er det jo ikkje kvardagskost at Israel-kritikken er såvidt klar frå landets konservative parti: "Israel ha[r] rett til å forsvare seg, men de driver nå en helt uforsvarlig og uproporsjonal krigføring mot Israel i Libanon". Eg trur rett nok at NRK overdriv når dei framstiller det som om at Solberg stiller FrP eit utanrikspolitisk ultimatum, men signalet er ikkje til å ta feil av. FrP kan ikkje takast alvorleg før dei anerkjenner at Israel er ei okkupasjonsmakt som må rette seg etter sentrale folkerettslege prinsipp.

Det er sjølvsagt vanskeleg å forstå, men nasjonalforsamlingas nest største parti avviser faktisk nett dette, at Israel er ei okkupasjonsmakt. FrP-leiar Siv Jensen grunngjev denne underlege historieframstillinga med at hun "synes det er viktig at noen av oss forsvarer en nasjon som veldig ofte går igjennom en ganske skarp, vridd mediesituasjon". Teknikken ho nyttar er velbrukt, men lat meg gjenta for n-te gong: Eg anerkjenner at Israel har rett til å forsvare sine innbyggjarar mot trugsmål, men FN har i fleire tiår slege fast at Israel okkuperer palestinsk land. Det må vere mogleg og lovleg for alle oss andre å ha desse to tankane i hovudet samstundes, sjølv om det utanrikspolitisk urøynde Framstegspartiet ikkje klarer det. Høgres nye signal gjer FrP enno meir isolert i debatten, samstundes som det gjer den utanrikspolitiske mellomvegen til ein meir leveleg stad å vere for mange av dei som vanlegvis kjenner ubehag ved den.

Av og til kan faktisk konservatisme og klokskap gå hand i hand.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Explore posts in the same categories: frp, høgre, israel, utanriks

Responses are currently closed, but you can trackback from your own site.

6 kommentarer on “Konservativ klokskap”

  1. UngKonservativ Sier:

    Høyre har sviktet alt av konservative verdier, tanker og ideer. De er stort sett bare et næringslivsparti nå.

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

  2. UngeLien Sier:

    Det har du i og for seg rett i, men her tek dei i vare dei konservative trekka sine. Men eg reknar med at du er usamd med både Høgre og meg i denne saka også?

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

  3. skinke Sier:

    Av og til kan faktisk konservatisme og klokskap gå hand i hand.

    -Utrolig, ikke sant? Jeg er generelt skeptisk til folk som kaller seg konservative.

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

  4. adolph Sier:

    Mulig Høyre har sviktet alt av konservative verdier, tanker og ideer. MEn FrP har aldri hatt verdier, tanker eller ideer. Langt mindre vært konservative.

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

  5. UngKonservativ Sier:

    Jo da, FrP har en stor konservativ del og det reflekteres en del i programmet.

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

  6. UngeLien Sier:

    #5, eg er usamd. FrP er i ryggrada eit liberalistisk parti, og eg oppfattar at den eventuelle verdikonservatismen kan hovudsakleg tilskrivast einskildrepresentantars meining. Hets av minoritetar kan og bør ikkje reknast som ein konservativ verdi.

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende


Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00