Archive for september, 2006

Odd Eriksen går av

september 29, 2006

Det er kanskje inga kjempeoverrasking at næringsminister Odd Eriksen (Ap) går av, og vonde tunger i opposisjonen har også allereie direkte eller indirekte byrja spekulere i kva grunnen til avgangen er. Eg ser imidlertid ingen grunn til å tvile på at den offisielle grunngjevinga samsvarar med den reelle. Odd Eriksen seier sjølv at han vil [...]

Tony Awards

september 27, 2006

"We get nostalgic about the last ten years/before the last ten years have passed" (Bastard, Ben Folds)
Eg kjenner, kanskje av gamal (u)vane, eller kanskje ikkje, at eg motvillig vert fylt av sentimentalitet og takksemd når eg les Tony Blairs siste landsmøtetale som Labour-leiar. Ein æra går mot slutten og Labours lengstsitjande og mest interessante statsminister nokonsinne har inspirert [...]

Synsaransvaret

september 25, 2006

Av forståelege grunner har det skapt debatt at Israels ambassadør til Noreg, Miryam Shomrat, insinuerer at Israel-kritikken frå folk som Jostein Gaarder og Kåre Willoch kan ha inspirert åtaket på den jødiske synagogen i Oslo. I tillegg kritiserer Shomrat dei kongelege for ikkje å gå offentleg ut med støtte til det mosaiske trussamfunn. Utsegnene er [...]

Kan gasskrafta sprenge regjeringa?

september 21, 2006

Omgrepet kraftsosialist har etter kvart fått ein negativ klang, fordi det minner folk om industribygging, framstegsoptimisme og anna som ein gong var. Somme vil kanskje feste denne merkelappen på meg når eg no går inn for å tillate bygging av gasskraftverk på Mongstad i Hordaland, men det får så vere. For meg er det viktigare å syne [...]

Svenskt maktskifte

september 18, 2006

Vi får ta det på svensk ikveld, i høve valet:
Låt mig, en trogen socialdemokrat, få börja med att erbjuda mina gratulationer till den svenska höger-alliansen og dens partier, moderaterna, folkpartiet, centerpartiet og kristdemokraterna. Det har varit en lång och på många sätt upphetad valrörelse, men nu har svenska folket sagt sitt. De röstade fram en [...]

To be young (is to be sad, is to be high)

september 17, 2006

"We learned more from a three-minute record, baby, than we ever learned in school" (No Surrender, Bruce Springsteen)
Over halvvegs gjennom 2000-talet er Almost Famous på eit vis framleis dette tiårets klart beste feel good-film. Men den etterlet i tillegg alltid denne sjåaren i ein tilstand av dårleg samvit og skuldkjensle (det er bra, trur eg, [...]

Panikken er Göran Perssons verste fiende

september 16, 2006

I morgon går svenskane til val, og den borgarlege alliansen har ei knapp leiing i dei fleste meiningsmålingane. I det heile er det fascinerande i kva grad det føreståande svenske valet framstår som ei omvendt spegling av det norske frå ifjor haust. Også Sverige har ei regjering med eit uavklart tilhøve til sine meir (Miljöpartiet) og [...]

“La oss holde oss til anklagene”

september 13, 2006

Ein post om TV2s Holmgang burde kanskje vore plassert under denne bloggens Screen Savior-vignett (sjå i høgremargen for peikarar), for det er tidvis særs godt TV, når det klarer å sameine si stillingstaking for folk flest, med ei like soleklar avstandstaking frå alle venstreorienterte idear. Grunnen til at dette likevel skal oppfattast som eit vanleg [...]

Fram og tilbake er like langt

september 11, 2006

Eg kjem truleg attende til femårsdagen for terroråtaka 11. september 2001 i ein post seinare idag, men førebels skal det handle om andre historiske parallellar. Gårsdagen markerte nemleg femårsdagen for Arbeidarpartiets dårlegaste stortingsval etter andre verdskrigen. 10. september 2001 kom dommen; den første Stoltenberg-regjeringa fekk berre støtte frå 24,3% av veljarane. Den var ein smell [...]

Opposisjonen lever likevel

september 10, 2006

Før sommaren kommenterte eg korleis Ritt Bjerregaards borgarlege hovudmotstandar Martin Geertsen (V), hadde resignert med tanke på å vinne neste kommunalval i København. Han meinte den gongen at Ritt var uslåeleg. Det meiner han ikkje lenger. Faktisk er han no vorte så trygg på si livsoppgåve at han har takka nei til å tre inn [...]


Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00