Utanrikspolitiske barnesjukdomar
Dei siste åra har Framstegspartiet arbeidd målretta for å skaffe seg ein utanrikspolitikk, og sjølv om dei framleis meiner at det er unødvendig elitisme å kome med ei tilråding i EU-spørsmålet, så kjem dei gradvis nærare målet sitt. Mellom anna har FrP med taktisk og politisk kløkt plassert seg sjølv i posisjonen som Stortingets klart mest Israel-venlege parti (Israel-venene sjølve vil truleg seie at dei er det einaste Israel-venlege partiet.) Det er også på denne bakgrunnen vi må forstå Siv Jensen seinaste utanrikspolitiske feilsteg. Dei fleste kan sjå at det er unødvendig einsidig å snakke om at Israel står mot ein vondskapens akse i Midtausten, men FrP er trass alt nye i dette spelet. Vi må akseptere at den urøynde gjer nokre enkle feil før ho lærer seg kva som kan seiast og ikkje.
Eg anerkjenner at staten Israel er omgjeven av ei mengd statar som ikkje vil den mykje godt, og eg anerkjenner samstundes Israels soleklare rett til å forsvare sine innbyggjarar mot ytre trugsmål. Men det er ikkje bra når FrP automatisk set likskapsteikn mellom folket i til dømes Syria og Iran og deira politiske leiarskap, slik dei gjer når dei seier at Israel står opp mot vondskapen. Mange menneske i statar som er definerte som fiendar av Israel ønskjer først og fremst fred. Då vert det frekt å ta dei til inntekt for regime som i Syrias og Irans tilfelle både er autoritære og udemokratiske.
FrPs utanrikspolitiske talsmann, Morten Høglund, meiner at utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) begår ordkløyveri når han kritiserer bruken av omgrepet vondskapens akse. Det står han sjølvsagt fritt til å meine, men han har heller ikkje det same ansvaret som utanriksministeren har. Støres oppgåve er å syte for at Noregs utanrikspolitiske line er klar, og at Noreg får utnytta det diplomatiske handlingsrommet vi har i det internasjonale samfunn. Og nettopp ordet diplomati er sentralt her. Eg er glad for at den norske regjeringa framleis går inn for dialog med Iran, og eg er glad for at den har hatt ryggrad nok til også å kritisere Israels handtering av krisa i Midtausten. Hadde Framstegspartiets retorikk gjeve gjenklang i verdssamfunnet, hadde alle vegar til ei fredeleg løysing på både denne og andre konfliktar i Midtausten vore permanent stengde. Når sjansen for fred framleis er tilstades, så er det fordi verdssamfunnet ser fleire utvegar enn FrP.
Den borgarlege opposisjonen er i det heile historisk. Det er ironisk at SV måtte kome i regjering for at vi skulle få ein kritisk utanrikspolitisk opposisjon her i landet. Etter å gjennom heile stortingsvalkampen ha sådd tvil om i kva grad grunnpilarane i norsk utanrikspolitikk ligg fast, så har opposisjonen nytta det siste året på å hudflette regjeringa for at den faktisk fører ein utanrikspolitikk som har brei støtte i Stortinget. Høgre og KrF skal ha ros for ikkje å ha kasta seg på køyret frå FrP i denne omgangen, men det fråtek dei ikkje delansvar for at utanriksdebatten i for stor grad vert prega av skuggeboksing og lettkjøpte politiske poeng. Korleis skal folk kunne ta dei alvorleg når dei i framtida kanskje vil reise ein reell debatt?
Tips oss hvis dette innlegget er upassende
Explore posts in the same categories: arbeidarpartiet, framstegspartiet, israel, utanriks Responses are currently closed, but you can trackback from your own site.
september 4, 2006 at 3:24 pm
Flott innlegg, UngeLien!
Det saklige innholdet er jeg enig i, men det er muligens noen nyanser mellom oss i synet på Midt-Østen-konflikten. (Jeg vet ikke om du har lest alle mine innlegg om konflikten?)
Det er for meg direkte KOMISK når Morten Høglund fra FrP beskylder Jonas Gahr Støre for å fordumme debatten.
(Egentlig er det jo tragi-komisk, for det er jo en froferdelig tragedie vi har vært vitne til.)
Er det noen som _ikke_ fordummer debatten, ja, så er det Jonas, og hva jeg mener om Morten Høglunds utenrikspolitiske innsikt tror jeg at jeg foreløpig skal holde for meg selv.
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
september 4, 2006 at 5:37 pm
Dei siste Ã¥ra har Framstegspartiet arbeidd mÃ¥lretta for Ã¥ skaffe seg ein utanrikspolitikk, og sjølv om dei framleis meiner at det er unødvendig elitisme Ã¥ kome med ei tilrÃ¥ding i EU-spørsmÃ¥let, sÃ¥ kjem dei gradvis nærare mÃ¥let sitt. Mellom …
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
september 5, 2006 at 2:23 pm
Sett klagemuren på British Museum
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
september 5, 2006 at 7:38 pm
Synes det er utmerket at FrP støtter Israel. Hvis de ikke hadde gjort det hadde det bare vært nyanseforskjeller i det norske politiske landskapet. Vi har tross alt forskjellige partier, og det ville blitt kjedelig om alle mente det samme.
Et mangfold av meninger er utelukkende positivt for demokratiet.
Dessuten er det jo faktisk en god del av det norske folk som er enige med FrP, og meningen er at jo alle skal finne et parti å indentifisere seg med.
Når det gjelder hva som er “rett” politikk er det en uendelig diskusjon. Jeg personlig er nærmest FrP i utenrikspørsmål, men jeg setter pris på at vi har alternativer i Norge. Fra SV til FrP. Uheldigvis er FrP det eneste partiet osm skiller seg ut fra de andre på dette spørsmålet, det burde vært flere (så vi fikk mer nyansert Israelstøtte også), men man takker og bukker for det politiske mangfoldet vi har.
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
september 5, 2006 at 8:18 pm
#3 Iblis: Eg har ingenting imot mangfald, og eg er ein smule ironisk når eg skriv at Siv Jensen må “lære seg kva som kan seiast og ikkje”.
Når det er sagt, så tykkjer eg ikkje at FrP bidreg til politisk mangfald, eller til å høyne kvaliteten på den politiske debatten, og det var det eg kritiserte i teksten.
Dersom du er på jakt etter nyansert Israel-støtte, så er Høgre på rett veg. Eg, som berre sjeldan har godord å dele ut til H, roste dei for haldninga deira i denne bloggposten:
http://www.vgb.no/192...
Eg kan elles ikkje hugse å ha sett deg på bloggen min før. Takk for kommentaren, og velkomen skal du vere! Eg skal sjølvsagt sjekka ut bloggen din også.
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende