Hagens misforståtte populisme

Idag lanserte tidlegare FrP-formann Carl I. Hagen ein ny sjølvbiografi, Ærlig talt. Bokprisane hindrar meg i å lese boka på ein god stund, men den massive medielanseringa syter jamvel for at vi får med oss det viktigaste. Likevel vil eg gjerne ta atterhald om at mediedekninga ikkje alltid gjev det heile og fulle biletet, og at mine kommentarar er basert på denne.Når det er sagt, så finst sikkert mykje å gripe fatt i, som til dømes karaktermordet på den borgarlege samlaren Kjell Magne Bondevik, eller Hagens sjølvframstelling i samband med Søviknes-saka i 2001, men her skal det likevel handle om det som Hagen i intervjurundene har trekt fram som sitt største politiske mistak; at Framstegspartiet enda opp med å tilrå eit ja til norsk EU-medlemskap i samband med folkerøystinga.

FrPs utanrikspolitikk har heile vegen i stort og smått vore ein ståande vits, som med tida rett nok har fått USA- og Israel-støtte som framståande kjennemerker, men elles har vore neste ikkje-eksisterande. Og etter mitt syn er det som eit utslag av denne politiske tradisjonen vi må vurdere Hagens tankar om hans partis tilhøve til EU. Partiets feilsteg var ikkje naudsynleg det standpunktet ein inntok, og som eigentleg var ein naturleg konklusjon for eit liberalistisk parti. Nei, feilsteget var at ein tok standpunkt i det heile. Trass alt skulle spørsmålet til slutt ut til folkerøysting, og det ser ut som om Hagen meiner at det inneber ei form for folkeforakt å faktisk leggje seg opp i kva utfallet av ei slik folkerøysting blir. Kvifor velje politikarar til å leie når ein heller kan bli leidd?

Vi kan meine kva vi vil om EU, og også om kor eigna folkerøystingar til å avgjere denne typen spørsmål, men FrPs noverande ikkje-standpunkt til EU er for meg problematisk. Spørsmålet om norsk EU-medlemskap har så mange sider, er så viktig og så komplisert at eg meiner det blir å føre folk bak lyset å ikkje ville ta standpunkt til saka. Formelt er folkerøystingar om EU-medlemskap rådgjevande, i den forstand at folket gjev politikarane eit råd om korleis dei bør stille seg. Men når Hagen seier at stillingstakinga er hans største mistak, så driv han ei isolering av EU-saka som er fullstendig ulogisk. Dette kunne vore eit greit synspunkt dersom haldninga til EU ikkje hadde hatt noko som helst å seie for korleis Stortinget blei sett saman, men slik er det som kjent ikkje. I stortingsvalet 1993, som blei dominert av EU, blei Senterpartiet nest største parti, fordi veljarane meinte det var viktig å røyste inn neifolk, uansett utfall av folkerøystinga. Det er opp til veljarane å avgjere kva som er viktig når dei røyster i eit stortingsval, og difor er det eit problem at veljarar som ved eit framtidig val vil røyste på parti utfrå deira EU-standpunkt, simpelthen ikkje får vite kva Framstegspartiet meiner.

Sameleis kan ein spørje seg om ein i det heile hadde fått ein EU-debatt her i landet, dersom alle parti hadde følgt FrPs logikk frå starten av. Dersom alle hadde vore samde om at EU var ei sak skulle avgjerast av folket åleine, og difor ikkje ville delta i eller påverke debatten, korleis skulle ein då ha fått ein debatt om dei gode og dårlege sidene ved ein eventuell norsk medlemskap? Det er avgjerande for høvet til å fatte informerte avgjerder, anten dei blir tekne av politikarar eller veljarar, at alle sider av saka blir belyst, Og uansett kva ein meiner om saka, så er det knapt nokon sak i norsk politisk historie som er så til dei gradar gjennomlyst som nett EU-saka. Det er ein styrke for demokratiet, sjølv om FrP tydelegvis meiner annleis.

I boka seier Hagen at han oppfatta det at han og partiet sa ja til EU i 1994 som eit utslag av populisme. Eg er heilt samd med han i at partiet har ei populistisk historie på dette og mange andre felt, men eg meine i motsetnad til Hagen at det er dagens ikkje-haldning som er populistisk. FrP har tilsynelatande kalkulert med at det har mest å vinne på å ikkje utfordre dei delane av veljarmassen som kanskje ikkje deler deira syn på EU-spørsmålet, og har difor bestemt seg for at det tryggaste istaden er å vere samde med alle – uansett. FrP skal, til liks med det gamle Anders Langes Parti (osb., osb.), forsøke å tiltrekkje seg alle dei som eigentleg ikkje er så interesserte i EU-spørsmålet. Dei som meiner at det er viktigare å rydde opp i sjukehuskøane her heime enn å diskutere ei abstrakt tilknytingsform til Europa (for min del vonar eg vi kan gjere begge delar). Om det er desse veljarane partiet ønskjer seg, så kan ein rett nok mistenkje at dei ville hatt like mykje å tene på å seie eit klart nei, men spagaten har uansett alltid vore ein overraskande bekvem politisk posisjon for FrP. Om partiet står står imot presse for faktisk å delta i den demokratiske samtalen på alvor viss og når medlemskapsspørsmålet igjen blir aktuelt på ordentleg står att å sjå, men inntil vidare kan Hagen ha plassert partiet i ein god posisjon – som vanleg. Sjølv om det irriterer slike som meg, venstreorienterte betrevitarar med tru på ein opplyst og ærleg debatt.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Explore posts in the same categories: eu, frp

Responses are currently closed, but you can trackback from your own site.

Comments are closed.


Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00