Venstre kjem ikkje utanom Jens – eller Jensen
Venstre-leiar Lars Sponheim er sint på statsminister Jens Stoltenberg, nett som KrF-leiar Dagfinn Høybråten var det dagen før han. Begge er oppgitte over at Stoltenberg ikkje vil gje dei rett i at det mest sannsynlege borgarlege alternativet til dei raud-grøne er ei ny trepartiregjering etter Bondevik-modell, og ikkje ei regjering av Framstegspartiet og Høgre. Dei hevdar at dersom dei tre borgarlege tidlegare regjeringspartia til saman vert større enn Arbeidarpartiet i eit borgarleg storting etter valet, vil denne konstellasjonen framstå som det mest naturlege utfallet av sonderingane, fordi den har vist før at den kan styre. Men – eg hadde nær sagt som vanleg – overser båe sentrumspartileiarane den mørkeblå elefanten i rommet; FrP-leiar Siv Jensen.
Sjølv om sentrumspartia ikkje har interesse av å innrømme det, så skjedde det nemleg noko kvalitativt nytt når Høgre like før landsmøtet sitt i mai gjekk ut og stadfesta at dei kan sitje i regjering med alle borgarlege parti – også Framstegspartiet. Då er det berre rimeleg at Stoltenberg tek dette på alvor, og særleg når han i tillegg veit eit og anna om korleis dei politiske tyngdelovene fungerer. Det er rett som Anders Horn skriv i ein innsiktsfull kommentar i onsdagens Klassekampen. Når dei to største partia på borgarleg side seier at dei vil samarbeide dersom det vert borgarleg fleirtal etter valet, så kjem det til å bli slik, i alle høve enn så lenge korkje Sponheim eller Høybråten vil seie kva dei vil gjere for å hindre det. Det held ikkje å seie at dei vil hindre at Siv Jensen kjem i regjering. Dei må gje aktiv støtte til Jens Stoltenberg som statsminister.
Sentrumspartias arroganse andsynes FrP er påtakeleg. Horn har nemleg rett i ein ting til: Sjølv om FrPs strategi ikkje står og fell på om dei vinn regjeringsmakt denne gongen, så tyder ikkje det at dei ein gong til vil sitje stille å sjå på at det vert etablert ei borgarleg regjering som set premissane uavhengig av dei. Både før og etter at ei slik innsikt siv inn hjå sentrumspartia og veljarane deira vil det stå klart at den einaste garantisten mot FrP i regjering er å røyste raud-grønt, fordi det å røyste borgarleg i seg sjølv er ein invitasjon til å sleppe FrP inn i regjeringskontora.
Enn så lenge vel både Sponheim og Høybråten tagnaden som røyndomsnektingsstrategi. Men det tyder ikkje at analysen til Jens Stoltenberg er feil.
Tips oss hvis dette innlegget er upassende
Explore posts in the same categories: 1 Responses are currently closed, but you can trackback from your own site.
juni 25, 2009 at 6:36 am
Jeg har full forståelse for at Arbeiderpartiet ønsker å gjøre dette til et valg om “Jens eller Jensen”. Selv om dette også er med på å bygge opp Jensens troverdighet som regjeringsalternativ, er det naturligvis en god strategi for å prøve å skremme folk til å stemme på Ap.
Men det er for tidlig å resignere og begynne å velge mellom pest og plage. Alle vet at det ofte først er når valgresultatet er klart at man ser klart hva slags regjeringsalternativer som eksisterer. Venstre har ambisjoner om å komme i regjering igjen – for å sette sitt preg på norsk politikk. Og den retningen Venstre vil ha Norge i er på en del punkter stikk i strid med Fremskrittpartiets retning. Kanskje viktigst av alt er klimapolitikken, hvor Venstre har en gjennomtenkt og konkret politikk, mens Frp graver hodet i sanda, og partier som Arbeiderpartiet er for knyttet opp til særinteresser i industri etc til å tørre å ta tak. Og innen integreringspolitikken er Venstre opptatt av dialog mens FrP er opptatt av konfrontasjon.
Derfor kan det også dukke opp en situasjon hvor Venstre er på vippen, og vil gi sin støtte til den regjeringen som binder seg til å oppfylle Norges Kyotoforpliktelser og føre en human innvandringspolitikk. Da vil det være trist for landet – og veldig pinlig for Arbeiderpartiet – om ikke Arbeiderpartiet klarer å komme Venstre i møte.
Men dette er bare høyttenkning. Hele regjeringsspørsmålet må avgjøres etter valget. Det så vi også sist – hvor det velgerne hadde å forholde seg til fra de “rødgrønne” før valget var en erklæring som ikke var verdt papiret den var skrevet på.
En stemme til Venstre er en stemme til Venstres politikk – og så er det Venstres politikere som må manøvrere slik at mest mulig av den blir gjennomført, til beste for landet.
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 25, 2009 at 8:10 am
Godt poeng dette, spesielt dette med at KrF kan sørge for en FrP-regjering uten å faktisk støtte den aktivt, de trenger bare å la være å støtte Arbeiderpartiet.
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 25, 2009 at 9:09 am
[...] å få oss til å tro at det ikke vil bli noen FrP-regjering fordi de ikke støtter den. Som Jørgen Lien påpeker i sin blogg er det ikke nødvendig med noen slik støtte. I Norge er det nemlig ikke Stortinget, men Kongen [...]
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 27, 2009 at 9:00 am
Bjørn, eg ser poenget ditt, men eg er usamd. Veljarane har krav på ein refleksjon frå Venstre-leiaren – før valet – om kva som kan verta konsekvensane av å røyste på partiet hans. Det gjeld også derosm Venstres prinsipp skulle vise seg å ha uintenderte konsekvensar. Vi hugsar kva som hende i Oslo, der V trekte seg frå byrådet og istaden gjekk i budsjettsamarbeid med det nye FrP/H-byrådet. Regissøren bak det grepet – Olva Elvestuen – er no nestleuar i Venstre.
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
juni 27, 2009 at 9:04 am
Takk, Sverre. Og KrFs haldning er jo faktisk endå mindre klar, og difor farlegare, med omsyn til å innsetje ei rein høgrefløysregjering. Det kan hende det får KrF til å føle seg reine og ranke, men politisk er det totalt uansvarleg.
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende